mandag 31. juli 2017

Å starte å jogge.

Ja, korleis starter ein å jogge? Er det bare å knyte på seg joggesko og sette i gong?

Eigentleg er det faktisk ikkje verre enn det.

Om ein derimot, som meg, likar å høyre musikk, er glad i gadgets, og blir motivert av sjølv den minste framgong, kan ein legge MYKJE i å starte å jogge.

Sjølv byrja eg med å berre spele vilkårleg musikk. Og så fann eg eit program der ein skulle starte med å gå i fem minutt, jogge i eitt minutt, gå i to minutt, jogge i eitt minutt, gå i fem minutt. Til saman 14 minutt. Dette skulle ein auke gradvis og langsomt til ein kunne springe 5 km eller ein halvtime i strekk.
Dette kunne eg då klare!!

Trudde eg..

Eitt minutt er LENGE! Og i starten var det meir enn nok! Sjølv med musikk.

Etterkvart greidde eg det betre og betre, og fann ut at musikken som stemte overens med stega mine gjorde at eg kunne springe lenger utan å bli så sliten.
Eg lasta ned ein app som heiter "Metronome Beats" og som gjorde at eg kunne finne takten på dei songane eg likte best å springe til. Somme var for langsomme, andre var for raske, og dei som var passe, hadde ca 160 slag i minuttet. Altså 160 steg i minuttet.

Det var det tempoet som gjorde at det var minst anstrengande for meg å jogge.
Det skulle seinare vise seg at dette ikkje var eit særleg smart tempo å jogge i, for ein skal helst ligge på rundt 180 steg i minuttet uavhengig av om ein har lange eller korte bein.

Eg lasta dessuten ned ein app som hjalp meg å passe intervalla eg skulle springe, så eg slapp å passe på sjølv: "HIIT interval training timer" Der kan eg stille inn kor mange minutter oppvarming eg skal ha, kor lenge skal jobbeøkta vare, og kor lenge pauseøkta skal vare, og kor lenge nedtrappingsøkta skal vare. Eg kan også velge om eg skal høyre alarm når ny økt starter, og eg kan velge kor mange økter eg skal ha. Då kjem det opp kor lenge heile treningsøkta skal vare totalt.

Det finnes mange appar som registrerer løpinga, kor ein spring, kor fort ein spring, kor lenge, kor mange kalorier ein forbrenn o.s.v., og her er det berre å prøve seg fram for å finne ut kva som passar best.

Det fine med å loggføre jogginga på denne måten, er at ein kan samanlikne hastighet på dei vanlege rutene sine.

Men ingenting av dette er nødvendig for å starte å jogge, sjølv om det hjelper.

Det hjelper også å ha ein gul firbeint kamerat (sjølv om farge er valfri) å jogge med. Kameraten kan også vera tobeint. Alt hjelper :-)

Eg tok det forholdsvis langsomt, meinte eg sjølv, men kroppen sa i frå om at det gjekk i fortaste laget likevel. Og ved nyttår 2015/2016 sa foten stopp i form av Plantar Fascitt. Eitt år gjekk det før eg blei frisk, og sjølv då våga eg meg ikkje på jogginga igjen med ein gong.

Denne omgangen har eg auka antal steg i minuttet frå ca 160 til 170-176. Eg leste nettopp ein plass at om ein skulle auke antal steg i minuttet, var det best å auke 5% om gongen. Eg har dermed gått litt hardt ut likevel, og skal nå teste ut musikk på 168-170 bpm (beats per minute) for å sjå om eg klarer å jogge lenger då.

Eg er to månader inn i opplegget mitt, og klarer litt over ein kilometer før eg må ha ein gåpause. Det går didlande seint, men heller det, enn å få Plantar Fascitten tilbake!

Eg har anskaffa meg treningsklokke: Fitbit Charge HR 2
Heller ikkje nødvendig, men veldig veldig kjekt og motiverande å ha!

Sko. 
Eg har handla meg nye sko. Dei heiter Hoka Bondi 4, og er knallgod og svindyre! Dei er for folk med overpronasjon, det vil seie at ankelen faller litt innover når ein går/står/løper. Det er også ein trigger for Plantar Fascitt.

Klær.
Ein kan jogge i kva klær som helst, og sjølv føretrekk eg tights, t-skjorte og løpejakke. Då ser eg og kjenner meg så himla sprek, nemlig!
SportsBH er også kjempeviktig! Ikkje alle merker har min størrelse, men ShockAbsorber har størrelsar laaaaaangt ut i alfabetet! Min er 75F i den eine, og 80E i den andre. Dei kjennes heilt like ut, så ein skal ikkje henge seg altfor mykje opp i størrelse. Eg har desse to:

http://www.shockabsorber.co.uk/product/ultimate-run-bra/




https://www.amazon.co.uk/Shock-Absorber-Womens-Support-Sports/dp/B003ZHSK6Q?th=1

Den underste her er nyast, og blei innkjøpt på supertilbud på XXL til "bare" 400 kroner! Den koster stort sett rundt 150 kroner meir :-D

Tights.
Eg er veldig glad i Røhnisch og Asics, for buksene er så høge og gode i livet. Og eg har handla meg vintertights som ikkje hjalp det spøtt. Dermed måtte eg sy meg et treningsskjørt, slik at eg i det minste held meg varm på fua (sørlandsk ord for rumpe).

Utstyr til hunden og trening på å løpe uten å snuse kjem i eit anna innlegg.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar